Laksefiske i Etne-elva, Hordalands beste lakseelv
Disse rettene er til disposisjon: Sone 4 - 9 nederste delen av elva. Fiske starter 1 juni og varer til 10 sept. Døgnet starter kl 18.00 og varer i 24 timer. Fiske for 2 stenger pr.sone. Mange soner har svært fine fluestrekk og er svært populære. Vi kan være behjelpelig med instruksjon i fluekasting etter nærmere avtale. Trykk på den store knappen til høyre for å bestille fiskekort.
Det er nå
dager igjen til fiskesesongen starter, og
0 fiskekort igjen!
[07.03] På årsmøte i Etne elveeigarlag vart det bestemt med stort fleirtal at det ikkje vert opna for fiske etter laks og sjøørret for sesongen 2010. Grunnen til det er at me har hatt eit par dårlege sesongar, og at me ikkje heilt har klart og oppnå det gytebestandsmålet som er ønskeleg i elva.
Rømt oppdrettslaks og opplomstring av antall lakselus, trugar laksestamma vår sterkt. Me håpar på at villaksen vil vandra opp i elva vår til sommaren, og etablere ein god gytebestand til høsten. Så satsar vi på og opne fiske så snart me har eit overskudd og ta av.
Mange av oss grunneiere kommer til å tape 10 tusener av kroner på dette vedtaket,men kan vi være med på å sikre laksestamma dei neste åra,så er det vel ei god investering.
Så håpar vi på at oppdrettsnæringa ser problemet, og gjer det dei kan med avlusing i merane sine, og redusere antall oppdrettsfisk i annlegga sine.
Fangsten for 2009 vart 1521 kg. mot 2929 kg i 2008.
Det vart fiska 114 kg sjøørret mot 244 kg i 2008.
Ellers har me full drift ved klekkeriet,og det er sikra ny rogn som skal leggjast i genbanken i Eidfjord.
Så håpar vi på at me lykkast med forvaltninga,og at me ser laksefiskere langs elvebredden allerede neste år.
Mvh
Øyvind Jacobsen.
[05.08] Etter ein dårleg sesong hittil i år, har Etne elveeigarlag gjort vedtak om å endra fiskereglane. Det vert frå 1 august berre lov og ta ein stk. villaks pr. stang pr.sone.Alle ho-laks,skal slippes tilbake i elva.
Utviklinga dei neste ukene,vil avgjere om ein må stengja elva heilt for fiske.
[07.06] Nå er fisket i Etne elva i full gang.Det er tatt om lag 40 lakser første uka.Dette er brukbar fangst. Det har vært fallende vannføring,nordavind og solskinn nesten heile uka.Men mange fiskere har trua,og det gir resultat.Temperaturen på elva er ca. 12 grader.Dette gjør at det blir fanga ein del laks på flue.
[24.05] Hei alle fiskebrødre.
Nå nermer det seg sesongstart for årets laksefiske.
Dei siste vekene har det vært flott vannføring i vassdraget, og laksen har hatt fine forhold for å gå på elva.Den er observert.
Nytt av året, er at det har vært ein del gravearbeid i elva.Sone 10 er under utbedring, men arbeidet måtte stanses pga.høg vannføring.
Arbeidet tas opp att etter fiskesesongen.
Sone 8 blei utbedra i mars og der ser det ut til og være svært tiltalende med fine straumar nedover heile hølen.
Så er det også i dag oppdatert fiske lista for Gjerde retten, slik at alle som ikkje har fått kort, berre kan kilkke på bestill knappen og fiske kortet er bestillt,
Må være nøye med og fylle ut alle opplysninger på bestillings skjema.
Vi håper at sesongen blir bra og ynskjer dere alle ein fin fiskesesong.
Mvh
Iris og Øyvind
Andreas og Agnethe
[24.05] Fiskereglar 2009
1 Fiskeutstyret som har vore i bruk i andre vassdrag skal desinfiserast før fisket startar.
2 Det er berre lov å bruke stang. Det kan berre brukast ei stang pr. person og to agn pr. stang. Fiskestanga skal ikkje forlatast under fisket. Som agn er det berre lov med naturleg mark, sluk, spinnar, wobbler eller floge. Avstanden mellom krokstamma og krokspissen skal ikkje vera større enn 15 mm for enkeltkrok eller 13 mm for dobbeltkrok eller trippelkrok. Minste lovlege krokstørrelse er 2/0. Det er forbode å rykkje fisken.
3. P.g.a. smittefare er det ikkje lov å bruke slangesøkke og flytedobbar som er fylt med vatn.
4 F.o.m. fiskesesongen 2009 er det innført fangstbegrensing (baglimit) på 2 stk. fisk pr. stang pr. sone. Oppdrettsfisk er unntatt.
NB: For ørret gjelder 1 stk. fisk pr. stang pr. sone.
5Fisk under 35 cm og vinterstøing skal straks setjast tilbake i elva. Vi oppmoder også om at gytefarga fisk blir sett tilbake i elva.
NB: For ørret er minstemål 40 cm.
6. Fiskaren pliktar å respektera gjeldande sonegrenser. Det er forbode å fiske nedover i neste sone.
7.Fiskaren pliktar å respektera nærings- og brukarinteresser, m.a. ved ferdsel til og frå fiskeplass, og nytte tilvist parkeringsplass. Sjå til at det ikkje oppstår skade på gjerde, planter og årsvekstar.
Vær nøye med å rydde fiske- og rasteplassen når du dreg. Avfall tek du med.
8.Det er ikkje lov å setje opp telt utan løyve frå grunneigar.
9.Fiskekortet (faktura) lyder på namn og kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå kortselgar. Kvittering på betalt fiske, samt betalt fiskeravgift til staten (alle som har fylt 16 år), skal visast på førespurnad.
10.Fiskedøgnet startar kl. 18:00 på oppført dato og varer i 24 timar. Første døgnet startar kl. 00:00 og varer til kl. 18:00. Dei som har fiske første døgnet har rett til å fiska frå kl. 18:00-24:00 siste døgnet (10. september).
11. ”Fangstrapport”, som fylgjer med faktura, skal leverast inn etter avslutta fiske, seinast 20. september, også om det ikkje vart fangst. Kortet kan berre leverast inn til kortselgar. Dersom kortet ikkje blir levert inn til rett tid kan kortinnehavar bli ilagt eit gebyr ved kjøp av fiskekort året etter. Innrapportering til laksebørs eller utfylling av fangstrapportskjema i sonen blir ikkje rekna som innlevert ”Fangstrapport”.
All fisk skal innrapporterast, også fisk som er gjenutsatt.
12. Fiskaren pliktar å respektera gjeldande fiskereglar. Brot på desse kan føra til bortvising utan rett til å få tilbakebetalt for fisket.
Skitt fiske!
NYHETSARKIV